Upassende innhold?
Turpost på Glomsdalsfjedde, utsikt mot bygda
Turpost på Glomsdalsfjedde, utsikt mot bygda
Glomsdalsfjedde
Flott tur på landbruksveg og sti til eit flott utsiktspunkt. Ein del stigning: turen startar 270 moh - og er på sitt høgaste omlag 700 moh,
Start: På Åsland - like vest for sentrum i Kyrkjebygd. Køyr rett fram forbi kyrkja, hold til venstre etter brua. Parkering: Vis omsyn til landbrukstrafikk og anna samferdsle i området. Sommarstid går dyr på beite i området. Pass ekstra godt på bandtvang, og at ikkje dyra vert skremde på anna vis.
Frå Åsland går turen sørover på veg,mellom gardar og i triveleg kulturlandskap. Snart stiger landbruksvegen jamnt oppover (Støyten) - etter omlag 2 km er du på toppen av bakken, her tar du 90 grader til venstre frå vegen og inn på traktorveg. Etter om lag 200 m: følg skilt mot Glomsdalsfjedde Snart kjem du til ein bekk som kan vere brysam å krysse etter vått vær/snøsmelting. Følg sti vidare mot toppen, stien er merka med blå merke/band.
Artikkel typeTur
SesongBarmark
Avstand i kilometer7,5 t/r
TurtypeFottur
Tidsbruk3
Kartutsnitt
kartutsnitt
Lag ny PDF Skriv ut
Brukerinfo
Forfatter: Friluftsrådet for Lindesnesregionen FLiR
Publisert: 12.05.2017
Opprettet: 02.05.2017
Terningkast
Antall stemmer: 0 Artikkelen har ikke noen terningkast enda

Gi artikkelen terningkast !!
Kommentarer
Kommenter artikkelen
Kommentar
Navn
Vis navn