Upassende innhold?
Toppen
Toppen
Sjåvassknuten
Ein tur med bratte parti, men flotte heiområde og flott utsikt frå toppen. Heile turen går i eit flott område med utruleg utsikt frå toppen! Det er sett opp høge metallstikker oppe på heia - av omsyn til dei som har tilsyn med masta på Sjåvassknuten. Desse stikkene er lette å følgje.Turen er ellers ikkje merka.
Ein del husdyr bruker området i beitesesongen. Vis omsyn, og hugs bandtvang.
Start: Parkeringsplass ved jernarldergarden på Sosteli. (-Bilveg forbi kyrkja og rådhuset, - hald fram om lag 2 km.)
Frå P-plass ved Sosteli: - gå tilbake om lag 200 m. - ta til venstre (over brua) og følg vegen videre til Glypen. Herfra skal du følgje traktorveg som slynger seg opp den bratte lia. Her flatar landskapet ut, og du møter på dei tidlegare omtalte stikkane..
Sjølve toppen er lett å finne med den høge masta og hytta som er der. Frå toppen kan ein se til store deler av Åseral - og fleire av kommunane rundt. Mot vest ligg Nåvatn-magasinet.

NB: Det er et godt alternativ å parkere nede i bygda, enten ved Kyrkja eller rådhuset. Turen blir då totalt ca 4 km. lengre t/r.

Frå boka "Heieliv i Hekkfjeddet" av Torfinn Normann Hageland:
-"Sjåvass var støl (øygard) under garden For Gard. Han ligg oppunder Sjåvassknuten. Navnet er ei forvrengjing av gammalnorsk Sjovarknuten - sjovar var eigeform av sjo = sjø. Ein kan se sjøen frå toppen .."
Det blei slått høy med Sjåvass fram til 1948. Høyet vart kjørt til gards med hest og slede om vinteren.
Artikkel typeTur
SesongBarmark
Avstand i kilometer9 t/r
TurtypeFottur
Tidsbruk3-4
Kartutsnitt
kartutsnitt
Lag ny PDF Skriv ut
Bilder/multimedia
Glypen. Følg grusvegen opp lia.
Masta og hytta.
Brukerinfo
Forfatter: Friluftsrådet for Lindesnesregionen FLiR
Publisert: 19.02.2018
Opprettet: 02.05.2017
Terningkast
Antall stemmer: 0 Artikkelen har ikke noen terningkast enda

Gi artikkelen terningkast !!
Kommentarer
Kommenter artikkelen
Kommentar
Navn
Vis navn