Upassende innhold?
Fantastisk utsikt fra Skoræ
Fantastisk utsikt fra Skoræ
Skoræ
Flott tur til Åseral sitt høgaste fjell, Skoræ, på 1041 m.o.h. og Noregs sørlegaste fjellområde på over 1000 meter, Turen startar ved Ljosland skisenter.
Skoræ (1041 m.o.h.) og dei næraste toppane er Noregs sørlegaste fjell på over 1000 meter, med andre ord, Åserals tak! Løypa er flott og middels krevjande i Ljoslansheia. Ein startar ved Ljosland skisenter (700 m.o.h.), Her kan ein også parkera bilen. Starten på løypa er stort sett på grusveg, etterkvart blir det sti der det enkelte plassar er lagt bruer og planker som ein kan gå på ved stor vassføring. Sjølv om det har regna mykje er dette ein tur som er lett å gå. Det stig jamnt og trutt, spesielt når ein nærmar seg toppen er det brattt. Det er ein fin sti som mot slutten går på berg. Stien er dårleg merka, men som oftast lett å sjå. Denne turen føregjeng over skoggrensa, noko som då vil seia at det heile tida er flott utsikt ein må hugsa å få med seg.

Turen passar for folk mellom 6-70 år.

God tur!

Ps: Ta hensyn til villrein i området - sett deg gjerne inn i utfordringene den lokale villreinstammen har. (Se link - SVR)




Artikkel typeTur
SesongBarmark
Avstand i kilometer10,4 t/r
TurtypeFottur
Tidsbruk3-4 timer t/r
Kartutsnitt
kartutsnitt
Lag ny PDF Skriv ut
Bilder/multimedia
varden på Skoræ
Brukerinfo
Forfatter: Friluftsrådet for Lindesnesregionen FLiR
Publisert: 21.10.2013
Opprettet: 05.07.2013
Linker:
SVR - Villreinforvaltning
Terningkast
Antall stemmer: 1 Snittkarakter:

Gi artikkelen terningkast !!
Kommentarer
Kommenter artikkelen her
Kommentar
Navn
Vis navn

Kommentarer